Våre prisar og vilkår
Oppdrag/prisar/fakturering
Ved oppstart av eit oppdrag, vil klienten få ei oppdragsstadfesting som skal underteiknast av
advokat og klient. Det vil der m.a. vere teke inn opplysningar som timepris og eit overslag over
kva oppdraget vil koste i den grad dette er mogeleg ut frå oppdraget sin karakter.
Særskilte utlegg/administrasjonskostnader kjem i tillegg.
Ved avrekning av honorar vil ein ta utgangspunkt i medgått tid, oppdraget sin kompleksitet
og oppnådd resultat. Medgått tid er såleis ikkje åleine avgjerande for salærberekninga.
Våre vegleiande prisar er pr. dato frå kr 900 til kr 1.200 mva.
Normalt vert det fakturert etterskotsvis om lag ein gong i månaden. Ved større omkostningar
som til dømes dokumentavgift vil det verte kravd inn forskotsbetaling. Advokaten kan også
krevje at nye klientar betaler eit forskotsbeløp knytta til eit oppdrag, som vil verte avrekna
ved seinare fakturering.