Meklaroppdrag
Vanleg prosedyre ved eit meklaroppdrag vil vere:
Avtale om salsoppdrag
Ved oppdrag blir det inngått ei meklaravtale i form av oppdragskjema der nærmare vilkår for salet vert avtalt, herunder provisjon til meklar. Ein avtalar også på kva måte salet skal annonserast. Ut over at salsoppgåve og takst vert lagt ut på våre nettsider, anbefalar vi annonsering i avisene lokalt og på FINN.no.
Opplysingar om eigedomen. Takst mv.
Normalt anbefalar vi at eigedomen vert taksert før annonsering. Ein må ta høgde for at det kan ta 2-3 veker før taksten er klar frå ein har rekvirert takstmann. Takst kan ordnast gjennom advokatkontoret. Ved taksering kan ein velje mellom vanleg takst og ein såkalla eigarskifterapport. Sistnemnde omfattar ei meir grundig undersøking av bygningen m.o.t. fukt/råte mv.
I samband med salet generelt er det særs viktig at seljar opplyser om eventuelle skader eller manglar som ein kjenner til. Dette er viktig for å unngå at ein kjem i ansvar i forhold til kjøpar seinare. Det er avhendingslova som regulerer forholdet mellom seljar og kjøpar ved sal av fast eigedom.
I samband med sal har eigar ansvar for at det blir lagt fram energiattest for eigedomen. Slik energiattest kan du innhente sjølv på nettstaden www.energimerking.no.
Eigarskifteforskring
For dei som ønskjer det tilbyr vi eigarskifteforsikring via Sorgfri Bolig Eierskifteforsikring frå Norwegian Broker. Dersom ein vil teikne eigarskifteforsikring er det viktig at slik avtale med meklar blir inngått før salet vert annonsert.
Forsikring kan også teiknast når det berre blir nytta advokat til utarbeiding av kjøpeavtale og gjennomføring av oppgjeret. Ved slik forsikring må det foreligge ein utvida takst. Seljar og kjøpar skal begge skrive under ei eigenerklæring.
Visningar
Som ein del av oppdraget tilbyr vi oss å gjennomføre visningar dersom det er ønskjeleg av kunden. Visning skjer enten etter avtale med meklar eller ved annonsert felles visning. På visninga vert det lagt ut interessentliste og bodskjema.
Bodrunde
Det kan gjevast bod på eigedomen 24 timar etter siste annonserte visning. Ved bodgjeving skal ein nytte eit bodskjema. Utover bodsummen og bodgjevar sitt namn og kontaktinformasjon, skal det gjevast opplysingar om finansieringa av kjøpet, herunder eventuell referanse i låneinstitusjon. Det kan også settast nærmare frist for bodet. Sjå elles nærmare info om bodgjeving her.
Under bodrunda blir alle som har skrive seg opp på interessentlista kontakta og informert. Bodrunda vert avslutta så snart eigar gjennom meklar har akseptert eit bod. Det er då inngått ei bindande avtale mellom seljar og bodgivar.
Kontraktsmøte
Så snart eit bod er blitt akseptert blir det avtalt tid for kontraktsmøte mellom kjøpar og seljar. På møtet vil meklar leggje fram utkast til kjøpeavtale og ein blir samde om tidspunkt for overtaking. I samband med overtakinga skal det vere ei felles synfaring, der kjøpar får overlevert nøklar og straummålar blir avlesen.
10 prosent av kjøpesummen skal betalast av seljar i samband med kontraktsinngåinga, resterande forfell til betaling ved overtaking.
I tillegg til kjøpesummen betalar kjøpar dokumentavgift som utgjer 2,5 % av kjøpesummen samt tinglysingsgebyr og eventuelt gebyr for tinglysing av pantedokoument.
Skøyte. Sletting av eventuelle hefte
På kontraktsmøtet skal seljar underteikne skøyte på eigedomen som viser heimelsovergangen til ny eigar. Skøyte vert oppbevart hjå meklar fram til kjøpesummen er blitt betalt inn på særskilt oppgitt klientkonto og deretter sendt til tinglysing.
Eigedommar vert normalt selde fri for pengehefte. Dette betyr at slike hefte vil måtte slettast i samband med heimelsovergangen. Eventuelle pengehefte vil gå fram av grunnboksutskrifta til eigedomen. Advokatkontoret kan etter nærmare avtale vere behjelpeleg med sletting av pengehefte.
Salsoppgjeret i høve til seljar vil bli gjennomført så snart det ligg føre eit heftefritt skøyte.